11/29/2005
Korleis møte verda med bart i 2005
Hjelp, eg skreiv akkurat eit halvsides kåseri nærast til forsvar for barten (som stod sterkt på 70-talet), men så forsvann det jammen meg sporlaust før eg fekk hengd det opp på sida vår. Hm, eg skal skrive det ein gong til, men akkurat no blir det ikkje. Her kjem til å kome ein føljetong om det å ha bart i vår tid.
Asle, for tida utan bart (eg gløymde nemleg å Save den, hoho)
Det blir ein slags barteblogg det som kjem under denne spalta med andre ord. Føret ute no i den kalde snart-førjulskvelden er i alle fall alt anna enn "bart", heller kvitskjegga! No overgår eg snart meg sjølv her. Når gav du forresten sist ros til nokon for at dei hadde ein fin bart? Det er nemleg dagens oppfordring her på barteforumet: Gi nokon eit (kanskje) sårt tiltrengd komlement for barten dei bærer, så er vi kanskje eit steg på veg i riktig retning mot ei verd som snurrar den same vegen som barten snurrar... Eller korleis blir det no eigentleg? La stjerna lysa b(j)art. Bart eller ikkje bart? Hei igjen forresten! Lenge sidan eg har skrive vidare på det som har med å møte verda med bart i dag. Og i mellomtida har det blitt litt sånn for meg: Skal ha bart, eller ikkje? Å ha bart i dag er ikkje like sjølvsagt som det kanskje var på 70-talet. Det er akkurat som den per i dag møter ein slags motgong i samfunnet, som at den ikkje passar inn blant det meir nakne imaget som rådar. For visst kan det vere vanleg og ikkje minst moteriktig å utstyre seg meg skjegg på den eine eller andre måten, men ikkje berre bart. Der er det nesten som det har kome ein uskriven regel om at det er noko som høyrer fortida til, noko som er synd. For eg meinar at mange av dei ansikt som i dag går rundt "nakne" verkeleg hadde kledd ein skikkeleg bart! For min del førde i alle fall den uskrivne regelen til at eg same dagen som eg anla bart fjerna den rett etterpå, sidan eg allereie høyrde for meg: -Kva, bart? Skal du ikkje ta den vekk? Eller kva med å anlegge heilskjegg? Bart har altså blitt litt fy, og det irriterar. Vel, heldigvis er det ikkje slik overalt. Akkurat no er eg på ein liten ferie oppe i Trøndelag, og her er ei heilt anna verd! Barten står høgt i kurs her. Eg kan nemne at det fyrste mennesket eg såg då toget tøffa inn på Trondheim stasjon, var ein som under nasa bar ein SKIKKELEG trønderbart! Det varma! Kanskje eg bør slå meg ned her?15:50 Posted in Kåseri | Permalink | Comments (2) | Email this
