11/29/2005

Vitseavdelinga

Det beste med å bli pensjonist? At ein nærmar seg 70-talet! Hoho. Ja, det måtte jo kome her òg: Ordspel. Typisk Asle. Men no har det seg sånn at eg i lengre tid har leika med tanken på å samle saman alle ordspela eg gjennom åra har laga og skribla ned (ja, for dette er heilt sjølvlaga humor), og gi dei ut i ei lita vitsebok. Ordspel kan lagast rundt det meste, men akkurat her på sida vil eg halde meg til å vri og vende på ord som til dømes 70-talet og ting som har med det å gjere. Og: Eg oppfordrar òg dykk til å leggje inn ordspel her. De kan òg skrive inn dersom det er eit ordspel de ikkje skjønar, og som de vil at eg skal forklare for dykk. Spel opp til ord!

Har du forresten høyrd om rockaren som foretrakk kaffi med noko søtt-i? Ojoj, kanskje ikkje det beste ordspelet eg har laga, men teke med blei det. Eller har du høyrd om bartemannen som åt så mykje snurring at det var umogleg å få barten rett? Nei, no må eg nok gå i tenkjeboksen litt.

Ordspel som har med musikk å gjere må absolutt få plass her òg, sidan eg forbind musikk med 70-talet. Har du til dømes høyrd om gitaristane som førehandsstemte ved valet? Difor var det mange sure gitarar under valet! Eller kva med trommeslagaren som alltid hadde ein slåande kommentar? For ikkje å gløyme folkemusikaren som hadde ein blås på "lur"? Hehe, eg er på påskeferie akkurat når dette blir dikta, og er kanskje litt prega av det.

Eller kva med den uoppdragne hornblåsaren som fekk på blanke "messingen" av den "strenge" gitaristen? Då "brass" han sjølvsagt i gråt. Trommeslagaren for sin del måtte "stikke". Fløytespelaren var òg ganske "tverr".

Korleis møte verda med bart i 2005

Hjelp, eg skreiv akkurat eit halvsides kåseri nærast til forsvar for barten (som stod sterkt på 70-talet), men så forsvann det jammen meg sporlaust før eg fekk hengd det opp på sida vår. Hm, eg skal skrive det ein gong til, men akkurat no blir det ikkje. Her kjem til å kome ein føljetong om det å ha bart i vår tid.

Asle, for tida utan bart (eg gløymde nemleg å Save den, hoho)

Det blir ein slags barteblogg det som kjem under denne spalta med andre ord. Føret ute no i den kalde snart-førjulskvelden er i alle fall alt anna enn "bart", heller kvitskjegga! No overgår eg snart meg sjølv her. Når gav du forresten sist ros til nokon for at dei hadde ein fin bart? Det er nemleg dagens oppfordring her på barteforumet: Gi nokon eit (kanskje) sårt tiltrengd komlement for barten dei bærer, så er vi kanskje eit steg på veg i riktig retning mot ei verd som snurrar den same vegen som barten snurrar... Eller korleis blir det no eigentleg? La stjerna lysa b(j)art. Bart eller ikkje bart? Hei igjen forresten! Lenge sidan eg har skrive vidare på det som har med å møte verda med bart i dag. Og i mellomtida har det blitt litt sånn for meg: Skal ha bart, eller ikkje? Å ha bart i dag er ikkje like sjølvsagt som det kanskje var på 70-talet. Det er akkurat som den per i dag møter ein slags motgong i samfunnet, som at den ikkje passar inn blant det meir nakne imaget som rådar. For visst kan det vere vanleg og ikkje minst moteriktig å utstyre seg meg skjegg på den eine eller andre måten, men ikkje berre bart. Der er det nesten som det har kome ein uskriven regel om at det er noko som høyrer fortida til, noko som er synd. For eg meinar at mange av dei ansikt som i dag går rundt "nakne" verkeleg hadde kledd ein skikkeleg bart! For min del førde i alle fall den uskrivne regelen til at eg same dagen som eg anla bart fjerna den rett etterpå, sidan eg allereie høyrde for meg: -Kva, bart? Skal du ikkje ta den vekk? Eller kva med å anlegge heilskjegg? Bart har altså blitt litt fy, og det irriterar. Vel, heldigvis er det ikkje slik overalt. Akkurat no er eg på ein liten ferie oppe i Trøndelag, og her er ei heilt anna verd! Barten står høgt i kurs her. Eg kan nemne at det fyrste mennesket eg såg då toget tøffa inn på Trondheim stasjon, var ein som under nasa bar ein SKIKKELEG trønderbart! Det varma! Kanskje eg bør slå meg ned her?

15:50 Posted in Kåseri | Permalink | Comments (2) | Email this

11/28/2005

VELKOMMEN

Heisann folkens og velkommen til vår(Asle og Fred Ruben) tilbakelente blogg som tar for seg en epoke vi begge er fan av; jepp 70-tallet. Vi kommer nok til å ta for oss ulike sider ved dette tiåret. Musik blir et sentralt tema men det er også rom for å dele betraktninger om ulike ting i 70 tallets ånd(hva enn det innebærer). Så vi håper du legger inn dine tanker og meninger ofte og med stor iver. :)
For å komme i den rette stemningen har jeg lagt ut en liten smakebit fra en av mine favoritt låter. Fra 1973, That's the way av Led Zeppelin. ---Nyyyyyt---
Peace
-FR-

podcast

15:45 Posted in Blog | Permalink | Comments (3) | Email this