03/21/2006
Vårreingjering
Ja, som sagt så er det våren si tid no. Kong vinter er utvilsamt på lånt tid, og kvar dag no syns eg det er tilfredsstillande å sja at han gradvis tapar terreng. Det er liksom lettare å flagre med slengbuksene òg når det blir varmare i været. Akkurat som om heile ganglaget blir litt annleis, enn når ein på hutrande vintervis må forsere glattisen i konstant frykt for å plutseleg vere i fritt sveeev! Så, ja, våren er jammen ei herleg tid for meg og andre som er gangarar/pilgrimar/fotgjengarar.
Våren er òg tida for vårreingjering. Det ligg i ordet. Men det er noko i det at ting kjem fram når snøen smeltar. I overførd tyding òg. For det er akkurat som om rotet og støvet blir så mykje meir synleg heime òg, når sola skin lenge og sterkt inn vindauget i mange timar. Så difor altså: Tid for vårreingjering! Og det å rydde og gjere reint i heimen er ein aktivitet som for min del er lett å spore av og ofte køyre opp i ein heilt annan sideveg (les: Eg byrjar svært ofte å spele gitar eller snurre plater i staden). For det er vanskeleg å halde fokuset på husarbeidet dersom økta blir lang og skippartakprega. Så difor kan ei løysing vere å la platsamlinga hjelpe ein gjennom slitet. Og der er eg framme ved det eg vil fram til: Kva musikk (i 70-talsånd då, sidan vi er inne på denne sida) passar bra til å guide ein gjennom ei heller lang innandørs vårreingjering? Her vil eg gjerne høyre kva de anbefalar. Kom igjen, for eg tippar sterkt på at de òg sit klar til å vårreingjere. Kva høyrer de på då? Kva plater held lysta på å overvinne støvet og papirbunkane oppe? Kva musikk bles støvet fram frå krok og krik? Har de erfaring med at eit bestemt album alltid sørgjer for at heimen blir så skinande at de får lyst å invitere alle inn på vafler og kaffi etterpå? Eller: Kva musikk har de lyst å advare mot å bruke til rydding?
Asle, snart med støvkosten
18:05 Permalink | Comments (6) | Email this
03/20/2006
Det er vår!
Ja, no har våren endeleg kome. Snøen smeltar og fuglane kvitrar. Snart kan eg kjøpe meg ei vårjakke, kanskje inspirert av 70-talet. Eg måtte berre skrive dette. Og no er det JAMMEN meg lenge sidan det har skjedd noko her på denne sida! På tide med ei vårreingjering her no altså.
Asle
12:44 Permalink | Comments (0) | Email this
12/31/2005
Striper
Eg fekk ein nydeleg genser til jul. Den er stripete og i mange fine fargar, og får meg verkeleg til å assosiere til 70-talet. Det er rart korleis fargar kan påverke ein. I alle fall var det slik at då eg tredde denne gensaren over hovudet fekk eg lyst til å skrive noko til denne sida. Lenge har eg høyrd at fargar har ulike eigenskapar, til dømes at gult er intelligensens farge, at grønt symbliserar det trygge og at raudt oppmuntrar til handling eller kan gjere utvalde individ sinte. Gensaren min er samansatt av fleire fargar, som til saman utgjer ein palett som eg forbind med 70-talet. Den oppsummerar det eg forbind med klede, gardiner og tepper frå den tida, og eg merkar at kreativiteten blir opna og dreia mot det å fabulere rundt det denne sida konsentrerar seg om. Kanskje eg difor skal ta på meg denne gensaren framover når eg skal skrible ting her. Eg ville berre dele desse tankane med dykk. Er det nokre av dykk som har hatt liknande eller heilt andre fargeerfaringar?
Asle i fargar
00:50 Permalink | Comments (1) | Email this
