04/16/2006

Hurra!

Som eit gledeleg lyn frå klar himmel, i alle fall for meg: Donald Fagen frå Steely Dan har akkurat kome med ny soloplate! Og den høyres slettes ikkje verst ut gitt, så den anbefalar eg på flekken. Morph The Cat heiter albumet og litt av plata ligg klar til lytteglede på Fagen si heimeside: www.donaldfagen.com. Berre klikk inn på Show Business og musikken snurrar. Men kva gjer så ei heilt NY plate her inne på 70-talssida då? spør du kanskje då. Vel, Fagen er eine halvdel av Steely Dan, eit band som verkeleg hadde sin gullalder på 70-talet (og som vi har ein eigen link til til venstre på skjermen her), og mykje av musikken Fagen lagar i dag har svært klare referansar til den herlege tida. Eg trur nok dette albumet kjem til å få bu og snurre mykje i min cd-spelar framover i vår/sommar.

Asle

04/14/2006

Retro interiør

Altså! Jeg har en drøm, en drøm om fred og fordragelighet
og et eget musikkrom ervervet 60 og 70 tallet.
Med interiør i såkalt retro stil.
Har allerede hvert på ikea å kjøpt meg en lampe
som blir perfekt men hva mer trenger jeg, noen forslag?
-FR-

09:00 Posted in Shopping | Permalink | Comments (3) | Email this

03/22/2006

Spel opp!

Eg har fått eit godt forslag om at det kan vere ein idé å leggje inn litt musikk her på sida. Og kvifor ikkje? Sidan noko av det viktigaste med denne sida er MUSIKKEN frå tida rundt 70-talet, så kan god og klingande vellyd frå den perioden vere på sin plass. Vi i redaksjonen skal sjå på korleis vi kan gjere det mogleg i tida framover, og om på kva måte musikken kan presanterast, til dømes om det blir vekas album, ein 10 på topp eller noko heilt anna. Kom gjerne med idear, tips og ønskjer.

Asle