11/29/2005

Vitseavdelinga

Det beste med å bli pensjonist? At ein nærmar seg 70-talet! Hoho. Ja, det måtte jo kome her òg: Ordspel. Typisk Asle. Men no har det seg sånn at eg i lengre tid har leika med tanken på å samle saman alle ordspela eg gjennom åra har laga og skribla ned (ja, for dette er heilt sjølvlaga humor), og gi dei ut i ei lita vitsebok. Ordspel kan lagast rundt det meste, men akkurat her på sida vil eg halde meg til å vri og vende på ord som til dømes 70-talet og ting som har med det å gjere. Og: Eg oppfordrar òg dykk til å leggje inn ordspel her. De kan òg skrive inn dersom det er eit ordspel de ikkje skjønar, og som de vil at eg skal forklare for dykk. Spel opp til ord!

Har du forresten høyrd om rockaren som foretrakk kaffi med noko søtt-i? Ojoj, kanskje ikkje det beste ordspelet eg har laga, men teke med blei det. Eller har du høyrd om bartemannen som åt så mykje snurring at det var umogleg å få barten rett? Nei, no må eg nok gå i tenkjeboksen litt.

Ordspel som har med musikk å gjere må absolutt få plass her òg, sidan eg forbind musikk med 70-talet. Har du til dømes høyrd om gitaristane som førehandsstemte ved valet? Difor var det mange sure gitarar under valet! Eller kva med trommeslagaren som alltid hadde ein slåande kommentar? For ikkje å gløyme folkemusikaren som hadde ein blås på "lur"? Hehe, eg er på påskeferie akkurat når dette blir dikta, og er kanskje litt prega av det.

Eller kva med den uoppdragne hornblåsaren som fekk på blanke "messingen" av den "strenge" gitaristen? Då "brass" han sjølvsagt i gråt. Trommeslagaren for sin del måtte "stikke". Fløytespelaren var òg ganske "tverr".