05/11/2006

Kaffi!

Kaffi er ein inspirerande drikk som, i alle fall for min del, ofte gir meg lyst til å vere kreativ. Dette kan til dømes gi utslag i skriving av nye spalter her på denne sida. Ideen til akkurat denne spalta kom frå ein av våre ivrige lesararar: Kvifor ikkje ha litt om kaffi her, kva den har til felles med 70-talet og eventuelt ikkje til felles? Ein artig ting det. Kaffiforbruket her i Noreg ligg faktisk på topp i heile verda no. Ja, i heile VERDA! Vi har gått forbi finnane og deira skummande kaffi med salt i. 5-6 store koppar med kaffi er visst heilt gjennomsnittleg å konsumere dagleg her i landet no for tida, så sjansen for at du sit med ein kaffi i nærleiken medan du les dette er stor vil eg tru. Men på 70-talet var nok ikkje kaffiforbruket fullt så stort her. Kva betydde kaffi for folk då? Dette vil vi skrive litt meir om no i dagane framover. Heng deg gjerne på med innspel dersom du sit på nokre gode historiar om dette.

Asle, med kaffi i pappkrus akkurat no