04/16/2006
Hurra!
Som eit gledeleg lyn frå klar himmel, i alle fall for meg: Donald Fagen frå Steely Dan har akkurat kome med ny soloplate! Og den høyres slettes ikkje verst ut gitt, så den anbefalar eg på flekken. Morph The Cat heiter albumet og litt av plata ligg klar til lytteglede på Fagen si heimeside: www.donaldfagen.com. Berre klikk inn på Show Business og musikken snurrar. Men kva gjer så ei heilt NY plate her inne på 70-talssida då? spør du kanskje då. Vel, Fagen er eine halvdel av Steely Dan, eit band som verkeleg hadde sin gullalder på 70-talet (og som vi har ein eigen link til til venstre på skjermen her), og mykje av musikken Fagen lagar i dag har svært klare referansar til den herlege tida. Eg trur nok dette albumet kjem til å få bu og snurre mykje i min cd-spelar framover i vår/sommar.
Asle

06:45 Permalink | Comments (0) | Email this

Post a comment