03/22/2006
Spel opp!
Eg har fått eit godt forslag om at det kan vere ein idé å leggje inn litt musikk her på sida. Og kvifor ikkje? Sidan noko av det viktigaste med denne sida er MUSIKKEN frå tida rundt 70-talet, så kan god og klingande vellyd frå den perioden vere på sin plass. Vi i redaksjonen skal sjå på korleis vi kan gjere det mogleg i tida framover, og om på kva måte musikken kan presanterast, til dømes om det blir vekas album, ein 10 på topp eller noko heilt anna. Kom gjerne med idear, tips og ønskjer.
Asle
21:30 Permalink | Comments (0) | Email this
03/21/2006
Vårreingjering
Ja, som sagt så er det våren si tid no. Kong vinter er utvilsamt på lånt tid, og kvar dag no syns eg det er tilfredsstillande å sja at han gradvis tapar terreng. Det er liksom lettare å flagre med slengbuksene òg når det blir varmare i været. Akkurat som om heile ganglaget blir litt annleis, enn når ein på hutrande vintervis må forsere glattisen i konstant frykt for å plutseleg vere i fritt sveeev! Så, ja, våren er jammen ei herleg tid for meg og andre som er gangarar/pilgrimar/fotgjengarar.
Våren er òg tida for vårreingjering. Det ligg i ordet. Men det er noko i det at ting kjem fram når snøen smeltar. I overførd tyding òg. For det er akkurat som om rotet og støvet blir så mykje meir synleg heime òg, når sola skin lenge og sterkt inn vindauget i mange timar. Så difor altså: Tid for vårreingjering! Og det å rydde og gjere reint i heimen er ein aktivitet som for min del er lett å spore av og ofte køyre opp i ein heilt annan sideveg (les: Eg byrjar svært ofte å spele gitar eller snurre plater i staden). For det er vanskeleg å halde fokuset på husarbeidet dersom økta blir lang og skippartakprega. Så difor kan ei løysing vere å la platsamlinga hjelpe ein gjennom slitet. Og der er eg framme ved det eg vil fram til: Kva musikk (i 70-talsånd då, sidan vi er inne på denne sida) passar bra til å guide ein gjennom ei heller lang innandørs vårreingjering? Her vil eg gjerne høyre kva de anbefalar. Kom igjen, for eg tippar sterkt på at de òg sit klar til å vårreingjere. Kva høyrer de på då? Kva plater held lysta på å overvinne støvet og papirbunkane oppe? Kva musikk bles støvet fram frå krok og krik? Har de erfaring med at eit bestemt album alltid sørgjer for at heimen blir så skinande at de får lyst å invitere alle inn på vafler og kaffi etterpå? Eller: Kva musikk har de lyst å advare mot å bruke til rydding?
Asle, snart med støvkosten
18:05 Permalink | Comments (6) | Email this
03/20/2006
Det er vår!
Ja, no har våren endeleg kome. Snøen smeltar og fuglane kvitrar. Snart kan eg kjøpe meg ei vårjakke, kanskje inspirert av 70-talet. Eg måtte berre skrive dette. Og no er det JAMMEN meg lenge sidan det har skjedd noko her på denne sida! På tide med ei vårreingjering her no altså.
Asle
12:44 Permalink | Comments (0) | Email this
