03/21/2006

Vårreingjering

Ja, som sagt så er det våren si tid no. Kong vinter er utvilsamt på lånt tid, og kvar dag no syns eg det er tilfredsstillande å sja at han gradvis tapar terreng. Det er liksom lettare å flagre med slengbuksene òg når det blir varmare i været. Akkurat som om heile ganglaget blir litt annleis, enn når ein på hutrande vintervis må forsere glattisen i konstant frykt for å plutseleg vere i fritt sveeev! Så, ja, våren er jammen ei herleg tid for meg og andre som er gangarar/pilgrimar/fotgjengarar.

Våren er òg tida for vårreingjering. Det ligg i ordet. Men det er noko i det at ting kjem fram når snøen smeltar. I overførd tyding òg. For det er akkurat som om rotet og støvet blir så mykje meir synleg heime òg, når sola skin lenge og sterkt inn vindauget i mange timar. Så difor altså: Tid for vårreingjering! Og det å rydde og gjere reint i heimen er ein aktivitet som for min del er lett å spore av og ofte køyre opp i ein heilt annan sideveg (les: Eg byrjar svært ofte å spele gitar eller snurre plater i staden). For det er vanskeleg å halde fokuset på husarbeidet dersom økta blir lang og skippartakprega. Så difor kan ei løysing vere å la platsamlinga hjelpe ein gjennom slitet. Og der er eg framme ved det eg vil fram til: Kva musikk (i 70-talsånd då, sidan vi er inne på denne sida) passar bra til å guide ein gjennom ei heller lang innandørs vårreingjering? Her vil eg gjerne høyre kva de anbefalar. Kom igjen, for eg tippar sterkt på at de òg sit klar til å vårreingjere. Kva høyrer de på då? Kva plater held lysta på å overvinne støvet og papirbunkane oppe? Kva musikk bles støvet fram frå krok og krik? Har de erfaring med at eit bestemt album alltid sørgjer for at heimen blir så skinande at de får lyst å invitere alle inn på vafler og kaffi etterpå? Eller: Kva musikk har de lyst å advare mot å bruke til rydding?

Asle, snart med støvkosten

Comments

Hola!
Gratulerer med artig side! Eg har sjølvsagt ein heil drøss kommentarar å komma med, men nett no skal eg berre senda denne eine kommentaren, for å sjå om han dukkar opp blandt kommentarane.

Posted by: Morten | 03/21/2006

Vel, 70-talet har eg ikkje sett meg så mykje inn i. Som femåring hadde eg meir enn nok med å åla meg ut av dette tiåret. Og det må eg på ein eller annan måte ha lukkast med.

Eg veit det er ein god del stygg tapét som stammar frå den tida, med store blomstrete motiv i grelle fargar. Det er jo eigentleg eit ganske merkeleg fenomen: hus er jo mellom anna meint for å halda naturen og elles kaos ute. Og så gjekk mange hen og klistra opp tapét med store klasar med maniskmønstrete motiv (naturell, stilisert eller abstrahert til det ugjenkjennelege) av same ulla.
Naturen kom altså snikande inn i stovene til folk, forkledd som det siste nye. No var det ikkje lenger nok med landskapsmotiv i størkna olje eller eit falma flyfoto av heimegarden, med strenge ramme-innhengningar i bratte listeprofilar. No skulle rammene sprengjast og naturens villskap skulle sleppast laus på stoveveggane!

Dette er nok mykje av forklaringa på at det har gått som det går i vår tid. Nokon vil insistera på at det har gått oppover, andre vil insistera på at det har gått nedover. Men - at det har gått såpass langt, kan ein nok langt på veg takka naturen for.

Sjølv om det meste av denne tapéten er fjerna med lunka Zalovatn og skrapeskei, - eller skjult under strie eller regnskogspanél - , har naturen gjort sitt inntog i skandinaviske heimar, naturen som ein i århundre har gjort alt for å halda ute.
Når taket i huset endeleg var tett, var det på tide å sleppa arvefienden inn på golvteppet. Slik må dei ha tenkt, 70-talsfolket. Syttitalsfolket som forsvann med sin glansperiode. Og som no berre kan sporast opp når platestiften pløyer gjennom lyd-runene på årringar av vinyl.

Dette er muligens litt på sida. Men det måtte seiast.

Beste helsing
Ted Glent

Posted by: Ted Glent | 03/21/2006

Jeg er ikke i det minste tvil om hvilke plater jeg vil høre på under evt. kommende vårrengjøringer. I skrivende stund har jeg faktisk lastet ned Led Zeppelins 5første album og hører igjennom dem. Og nettopp disse vil bringe deg inn i en den rette 70s vårstemning. Utrolig stemningfulle og gjennomførte plater. Men skal jeg komme med ett litt variert forslag er det følgende

1. Led Zeppelin - II
2. Big Bang - Radio Radio TV Sleep
3. David Bowie - The Best of 1969 - 1974

Ellers må jeg jo si meg enig med Ted Glent i at tapeter samt gardiner i norge på 70tallet ikke var tiårets største sjakktrekk. Men ellers mye funky og kul design på 60 og 70 tallet.

Posted by: Fred Ruben | 03/22/2006

For min eigen del trur eg Steely Dan på sine litt yngre dagar vil harmonere bra med den vårreingjeringa eg skal ta til med heime no framover. Ein del av godlåtane deira klarar å få fram ein del målretta handlekraft som må til om eg til dømes skal klare å innsjå at eg ikkje MÅ samle på alle papira som prøvar å konkurrer om å bli dei høgaste stablane.

Asle

Posted by: Asle | 03/22/2006

Hei Asle,
Dette var ein fin blog... ein ekte nynorskblog. No har det seg slik at ikkje kan så frykteleg mykje om 70-talsmusikk (tvi! to pinnar i kross og vik fra meg satan!!!) men eg har ein CD å anbefale likevel. Eg nyttar gjerne denne CDen som litt ekstra motivasjon under stressande arbeid. St. Etienne si "Smash the System" samleplate er god.

Elles trudde eg faktisk at vårreingjering var gått litt av moten og erstatta med yoga eller andre innretningar for slitne husmødre. Godt at nokre av oss bekjempar modernitetens klamme hånd og tek vare på dei tradisjonelle metodar for å få dritt ut or tilveret og støvet or hjernen.

Vårleg klem,
Linda

Posted by: Linda | 04/09/2006

Hei! Dette blir da den første bokmåls kommentaren på lenge. Vårrengjøring er et presserende tema for meg akkurat nå, jeg lever i en slags vinterfjøs og skulle så gjerne ha det forvandlet til et sommerpalass. Det er et kjempepoeng at musikk og rengjøring passer flott. Når jeg rydder synes jeg av en eller annen grunn at tøffe damestemmer setter meg i gang; Alanis Morisette og Tori Amos. Noe tøffere får meg bare til å knuse tallerkener... Ellers er det kanskje en tanke at rommene kan få et preg etter hva du hører på når du rydder og pynter. Hvis du hører på Bachs juleoriatorie fremhever du kanskje det røde. Hvis du hører på PULP blir det kanskje mange farger og litt skrikende. Madonna har jo som kjent mange stiler så hun kan kanskje brukes som et lite stilbibliotek? Jeg kjenner at jeg har lyst til å høre på U2 når jeg rydder i dag, for det passer på en måte best til tingene jeg har. Men må nok høre en låt av Mari Boine da jeg har noen slike ting og. Pluss Knutsen og Ludvigsen. Men den Cden har jeg ikke. Vel.... God vårrengjøring av palassene allesammen!

Posted by: Nanna | 04/30/2006

Post a comment