12/31/2005

Striper

Eg fekk ein nydeleg genser til jul. Den er stripete og i mange fine fargar, og får meg verkeleg til å assosiere til 70-talet. Det er rart korleis fargar kan påverke ein. I alle fall var det slik at då eg tredde denne gensaren over hovudet fekk eg lyst til å skrive noko til denne sida. Lenge har eg høyrd at fargar har ulike eigenskapar, til dømes at gult er intelligensens farge, at grønt symbliserar det trygge og at raudt oppmuntrar til handling eller kan gjere utvalde individ sinte. Gensaren min er samansatt av fleire fargar, som til saman utgjer ein palett som eg forbind med 70-talet. Den oppsummerar det eg forbind med klede, gardiner og tepper frå den tida, og eg merkar at kreativiteten blir opna og dreia mot det å fabulere rundt det denne sida konsentrerar seg om. Kanskje eg difor skal ta på meg denne gensaren framover når eg skal skrible ting her. Eg ville berre dele desse tankane med dykk. Er det nokre av dykk som har hatt liknande eller heilt andre fargeerfaringar?

Asle i fargar

Comments

Når man går i dybden på temaet ditt er det igrunnen et ganske forunderlig fenomen. Det visuelle er jo en veldig sterk sans, men jeg opplever noe liknende(sikkert mange andre med) når det gjelder lukt. Jeg kan komme inn i heimen til folk og i det lukten i huset, i et bestemt rom eller kanskje i et klesplagg når neseborene blir jeg på et brøkdel av et sekund tatt med tilbake til steder jeg tidligere har vært eller kanskje opplevelser, ofte fra barndommen. Men ikke alltid klarer jeg å definere hvor jeg har det fra, men da gir det meg uansett opplevelsen av en spesiell stemning fra svunnen tid. Merkelige greier, et slags dejavu.

Lysten til å bare stå å lukte en stund for å bringe tilbake minner er påtagende men kan fort bli oppfattet som merkelig oppførsel, hehe.

Posted by: -FR- | 12/31/2005

Post a comment