12/13/2005
Gitaristen si rolle
Begge vi som står bak denne sida, Asle og Fred, spelar gitar. Vi er gitaristar. Det har vi vore ganske lenge òg. Opp gjennom åra har vi hatt mange gitaristar vi har sett opp til, beundra og kanskje prøvd å bli mest mogleg like på (sjølv om det siste kanskje kan vere litt vanskeleg å innrømme). Ved å sjølv spele gitar, vere så interessert i det instrumentet og glad i å høyre på andre som gjer det, vil eg med dette opprette følgjande avdeling her på sida: Gitaristen si rolle i musikken i dag, samanlikna med på 70-talet.
Korleis har rolla forandra seg? Hadde gitaristane ei annleis rolle i musikken då? Var det å vere gitarist noko endå tøffare då? Det blei jo til dømes spådd at gitaristar ville bli overflødig når syntheseisaren kom inn i musikkverda, sidan den faktisk kunne etterlikne ein gitar. Vel, den spådommen viste seg å vere feil. I alle fall så langt. Dette vil det funderast vidare på her inne framover. Det er i alle fall slik at 70-talet var ei tid då det som oftast var bruk for ein gitarist i eit band, då det sikkert blei kjøpt mange gitarar og då mange låtar blei snekra på ein gitar.
Asle med Fender Stratocaster Plus
Korleis har rolla forandra seg? Hadde gitaristane ei annleis rolle i musikken då? Var det å vere gitarist noko endå tøffare då? Det blei jo til dømes spådd at gitaristar ville bli overflødig når syntheseisaren kom inn i musikkverda, sidan den faktisk kunne etterlikne ein gitar. Vel, den spådommen viste seg å vere feil. I alle fall så langt. Dette vil det funderast vidare på her inne framover. Det er i alle fall slik at 70-talet var ei tid då det som oftast var bruk for ein gitarist i eit band, då det sikkert blei kjøpt mange gitarar og då mange låtar blei snekra på ein gitar.Asle med Fender Stratocaster Plus
20:15 Permalink | Comments (0) | Email this

Post a comment