11/30/2005

Inn i adventstida med 70´s-briller på

Jepp, i morgon er det 1. desember. Advent byrjar for alvor, sjølv om 1. søndag i advent allereie har vore. Så i morgon byrjar adventstv-seriane, ein kan opne den fyrste luka på sjokoladekalendarane og butikkane kan vel vise seg frå sitt mest julete med godt samvit. Kvart år på denne tida lurar eg litt på om eg kjem til å få julestemning til jula er her DENNE jula. Fekk eg det i fjor? Eg huskar ikkje heilt eg. Men eg hadde ei artig oppleving då eg frekventerte Oslo sentrum for ikkje så mange dagar sidan. Det var då T-Y-D-E-L-E-G kva alle dei julepynta butikkane deromkring la i begrepet jul, og eg tenkte: Er det verkeleg dette som er jula? Ein siste kjøpefest langt opp i pengetrekrona rett før året trekk inn årene og gir roret over til nyttår? Vel, dersom eg var ein alien som lurte på det same så hadde eg kanskje svart ja. Men situasjonen blant julebutikkane endte ikkje negativt denne gongen, for eg kom plutseleg til å tenkje på jula sitt eigentlege bodskap... Ja, og då kom jammen meg både humøret og julestemninga tilbake, gitt! Bli med meg og sjå på denne tida fram mot jul gjennom mine 70´s-briller. Eg trur nemleg at ein del gløymde ting kan kome til syne att med dei på.

Asle

1. desember:
Oj, det har kome snø, i alle fall her i Oslo! 70-talet var jo funksjonelt òg, så det fyrste eg ser som ein lur idé i dag, når det framleis ER lenge til jul, er at akkurat no er det ei fin tid å pønske ut om ein ikkje kan LAGE litt julepresangar i år, og ikkje berre hive seg utpå kjøpekarusellen. For tenk godt etter, det er godt mogleg at det er ein eller annan hobby ein besitt som kan omsetjast til julepresangar. Kan du til dømes teikne, sy, snekre, skrive songar, lage juleøl (ja, det er ein slagar!), ta bileter eller sit du kanskje på masse videoopptak av ulike familiesmakomstar som kan redigerast om til ein festleg liten film? Lista kan bli lengre, og det vil den òg, for eg vil framover kome med fleire idéar til julepresangar av den sjølvlaga sorten, heile tida tilpassa etter kor lang tid det til ei kvar tid er att til jula set inn. Tinga du lagar kan vere funksjonelle både for den som får dei og for di eiga juleglede, for kanskje får du ei ekstra stor glede av å gi noko du har laga sjølv? I dag, 1. dagen i advent, er det i alle fall god tid til å byrje på dei fleste sjølvlaga julepresangprosjekt. Så gå i tenkjeboksen og tenk på kva DU er flink til å lage. Det skal eg.

8. desember: Denne adventsføljetongen blir ein 1-gong-i-veka-adventsføljetong, altså i same tidsintervallstil som mykje anna moro, som t.d. laurdagsbarnetimes sine Stompa-høyrespel og slikt. Etter nøye vurdering fann eg nemleg ut at det hadde blitt litt for heseblesande å følgjetongen kvar dag. Så no er det altså ei veke mindre att til jul sidan sist, og for å ta opp den raude juletråd frå sist - vi har alle ikkje fullt så god tid lenger om vi ønskjer å satse på sjølvlaga julepresangar av det eine eller andre slaget denne jula. Men: Framleis er det 16 dagar til juleklokkene ringjer, altså rimeleg god tid trass alt. Difor vil eg i dag slå eit slag for halvfabrikata! Ja, nemleg. Det er nemleg trygt med god tid til å til dømes leite fram nokre riktig gode plater på nettplatebutikkar, som den gode cdon.no. der kan ein gjerne søkje på 70-talsmusikk òg, og verkeleg slå til med ei storbestilling med plater som du veit vil gjere seg godt under både furu og gran når det lir på. Eg kalla det halvfabrikata fordi eg foreslår at du saman med plata gir noko sjølvlaga, til dømes eit kort med nokre ord om kvifor du meinar at akkurat denne plata er så perfekt å gi, eller kanskje eit lite fotoalbum med bileter som blaast i medan albumet snurrar, eller kanskje til og med ei flaske heimelaga julebrygg som kan nippast til medan plata fyller huset med vellyd. Eg trur dette kan blir ein slager! La meg få kome med ei lita anbefaling: Steely Dan si nydelege plate (ja, kanskje den beste frå dette bandet gjennom tidene) A-ja fåast no til latterleg lave 79 kr i remastra versjon trur eg på nemde cdon.no. Saman med godt selskap er dette å anbefale!

21. desember: Oj, no er det lenge sidan adventsføljetongen har fått noko føljetong! Så lenge at det nesten ikkje er advent lenger, det er jo snart jul! Men litt av årsaka til at episodane kjem med litt meir ujamne mellomrom enn fyrst tiltenkt, er at eg har teke mi eiga utfordring med dette å lage julepresang sjølv. Dette oppfordra eg jo om i fyrste episode, og eg blei sjølv bitt av basillen gitt! Eg kan sjølvsagt ikkje sei noko om kva eg har laga, ikkje eingong i parantes, i tilfelle den som skal få det les dette. Men, eg håpar at andre har gjort litt det same: Laga noko. Dersom du ikkje har, men har lyst, så er det framleis nokre dagar att til klokkene slår. Sjølv kan eg huske ei jul, ja, faktisk fleire, der eg har gøymd meg bort på eit rom og laga ferdig skikkeleg heimelaga julepresangar, ETTER (!) at jula var ringd inn! -Kva driv du med Asle? Vi skal drikke kaffi no! -Eeeh, nei eg må berre ordne noko, eg kjem snart! Akkurat då sat eg på hobbyrommet i kjellaren med gasspedalen i bånn på symaskina og sydde juleduk til mamma og pappa! Men dei blei veldig glad for den då eg endeleg kom fram att. Ha ei fin førjulstid!

Ja, adventsføljetongen fekk litt færre episodar enn fyrst tiltenkt. No er det romjul og eg vil sende ei helsing til dei av dykk som valde å ta oppfordringa om å lage julepresang sjølv. For min del blei eg inspirert og gripen av ideen om å lage julepresang sjølv, og resultatet blei ein låt, ein vals, og eg er glad eg gjorde det, for eg veit at den varma! Difor er min plan å lage alle julepresangane sjølv til neste jul, og no har eg god tid til å få dei ferdig. Noko å tenkje på der altså. Framleis god jul til de alle.

Asle i romjula

11/29/2005

Kva er typisk 70-tal for deg?

Ja, kva forbinder du eigentleg med dette tiåret? Her oppfordrar vi deg til å fortelje oss om 3 ting du synes er skikkeleg 70-tals. Kanskje vil dette gi oss morosame utgongspunkt til problemstillingar å skrive om. Kom igjen... Gi oss 3 stykk 70´s!

Asle, som akkurat no tenkjer på apashesykkel, fargen brun og storblomstrete gardiner!

That 70's show

Det er jo ikke til å legge skjul på at denne siden er oppkalt etter komiserien "That 70's show", så jeg fant det ikke mer enn rett og rimelig å vie serien en smule oppmerksomhet og kreditere dem innspirasjon til tittel på denne bloggen.
Jeg må inrømme at jeg ikke har fulg serien tett, men fått med meg nok episoder til å bli kjent med karakterer og humor. Settingen er altså syttitallet, en vennegjeng, deres familier utfordringer som oppstår.
Meget morsom, kul og til tider oppfinsom serie... noen fans der ute?

21:20 Posted in Film | Permalink | Comments (1) | Email this

Vitseavdelinga

Det beste med å bli pensjonist? At ein nærmar seg 70-talet! Hoho. Ja, det måtte jo kome her òg: Ordspel. Typisk Asle. Men no har det seg sånn at eg i lengre tid har leika med tanken på å samle saman alle ordspela eg gjennom åra har laga og skribla ned (ja, for dette er heilt sjølvlaga humor), og gi dei ut i ei lita vitsebok. Ordspel kan lagast rundt det meste, men akkurat her på sida vil eg halde meg til å vri og vende på ord som til dømes 70-talet og ting som har med det å gjere. Og: Eg oppfordrar òg dykk til å leggje inn ordspel her. De kan òg skrive inn dersom det er eit ordspel de ikkje skjønar, og som de vil at eg skal forklare for dykk. Spel opp til ord!

Har du forresten høyrd om rockaren som foretrakk kaffi med noko søtt-i? Ojoj, kanskje ikkje det beste ordspelet eg har laga, men teke med blei det. Eller har du høyrd om bartemannen som åt så mykje snurring at det var umogleg å få barten rett? Nei, no må eg nok gå i tenkjeboksen litt.

Ordspel som har med musikk å gjere må absolutt få plass her òg, sidan eg forbind musikk med 70-talet. Har du til dømes høyrd om gitaristane som førehandsstemte ved valet? Difor var det mange sure gitarar under valet! Eller kva med trommeslagaren som alltid hadde ein slåande kommentar? For ikkje å gløyme folkemusikaren som hadde ein blås på "lur"? Hehe, eg er på påskeferie akkurat når dette blir dikta, og er kanskje litt prega av det.

Eller kva med den uoppdragne hornblåsaren som fekk på blanke "messingen" av den "strenge" gitaristen? Då "brass" han sjølvsagt i gråt. Trommeslagaren for sin del måtte "stikke". Fløytespelaren var òg ganske "tverr".

Korleis møte verda med bart i 2005

Hjelp, eg skreiv akkurat eit halvsides kåseri nærast til forsvar for barten (som stod sterkt på 70-talet), men så forsvann det jammen meg sporlaust før eg fekk hengd det opp på sida vår. Hm, eg skal skrive det ein gong til, men akkurat no blir det ikkje. Her kjem til å kome ein føljetong om det å ha bart i vår tid.

Asle, for tida utan bart (eg gløymde nemleg å Save den, hoho)

Det blir ein slags barteblogg det som kjem under denne spalta med andre ord. Føret ute no i den kalde snart-førjulskvelden er i alle fall alt anna enn "bart", heller kvitskjegga! No overgår eg snart meg sjølv her. Når gav du forresten sist ros til nokon for at dei hadde ein fin bart? Det er nemleg dagens oppfordring her på barteforumet: Gi nokon eit (kanskje) sårt tiltrengd komlement for barten dei bærer, så er vi kanskje eit steg på veg i riktig retning mot ei verd som snurrar den same vegen som barten snurrar... Eller korleis blir det no eigentleg? La stjerna lysa b(j)art. Bart eller ikkje bart? Hei igjen forresten! Lenge sidan eg har skrive vidare på det som har med å møte verda med bart i dag. Og i mellomtida har det blitt litt sånn for meg: Skal ha bart, eller ikkje? Å ha bart i dag er ikkje like sjølvsagt som det kanskje var på 70-talet. Det er akkurat som den per i dag møter ein slags motgong i samfunnet, som at den ikkje passar inn blant det meir nakne imaget som rådar. For visst kan det vere vanleg og ikkje minst moteriktig å utstyre seg meg skjegg på den eine eller andre måten, men ikkje berre bart. Der er det nesten som det har kome ein uskriven regel om at det er noko som høyrer fortida til, noko som er synd. For eg meinar at mange av dei ansikt som i dag går rundt "nakne" verkeleg hadde kledd ein skikkeleg bart! For min del førde i alle fall den uskrivne regelen til at eg same dagen som eg anla bart fjerna den rett etterpå, sidan eg allereie høyrde for meg: -Kva, bart? Skal du ikkje ta den vekk? Eller kva med å anlegge heilskjegg? Bart har altså blitt litt fy, og det irriterar. Vel, heldigvis er det ikkje slik overalt. Akkurat no er eg på ein liten ferie oppe i Trøndelag, og her er ei heilt anna verd! Barten står høgt i kurs her. Eg kan nemne at det fyrste mennesket eg såg då toget tøffa inn på Trondheim stasjon, var ein som under nasa bar ein SKIKKELEG trønderbart! Det varma! Kanskje eg bør slå meg ned her?

15:50 Posted in Kåseri | Permalink | Comments (2) | Email this

11/28/2005

VELKOMMEN

Heisann folkens og velkommen til vår(Asle og Fred Ruben) tilbakelente blogg som tar for seg en epoke vi begge er fan av; jepp 70-tallet. Vi kommer nok til å ta for oss ulike sider ved dette tiåret. Musik blir et sentralt tema men det er også rom for å dele betraktninger om ulike ting i 70 tallets ånd(hva enn det innebærer). Så vi håper du legger inn dine tanker og meninger ofte og med stor iver. :)
For å komme i den rette stemningen har jeg lagt ut en liten smakebit fra en av mine favoritt låter. Fra 1973, That's the way av Led Zeppelin. ---Nyyyyyt---
Peace
-FR-

podcast

15:45 Posted in Blog | Permalink | Comments (3) | Email this

All the posts