11/30/2005
Inn i adventstida med 70´s-briller på
Jepp, i morgon er det 1. desember. Advent byrjar for alvor, sjølv om 1. søndag i advent allereie har vore. Så i morgon byrjar adventstv-seriane, ein kan opne den fyrste luka på sjokoladekalendarane og butikkane kan vel vise seg frå sitt mest julete med godt samvit. Kvart år på denne tida lurar eg litt på om eg kjem til å få julestemning til jula er her DENNE jula. Fekk eg det i fjor? Eg huskar ikkje heilt eg. Men eg hadde ei artig oppleving då eg frekventerte Oslo sentrum for ikkje så mange dagar sidan. Det var då T-Y-D-E-L-E-G kva alle dei julepynta butikkane deromkring la i begrepet jul, og eg tenkte: Er det verkeleg dette som er jula? Ein siste kjøpefest langt opp i pengetrekrona rett før året trekk inn årene og gir roret over til nyttår? Vel, dersom eg var ein alien som lurte på det same så hadde eg kanskje svart ja. Men situasjonen blant julebutikkane endte ikkje negativt denne gongen, for eg kom plutseleg til å tenkje på jula sitt eigentlege bodskap... Ja, og då kom jammen meg både humøret og julestemninga tilbake, gitt! Bli med meg og sjå på denne tida fram mot jul gjennom mine 70´s-briller. Eg trur nemleg at ein del gløymde ting kan kome til syne att med dei på.
Asle
1. desember:
Oj, det har kome snø, i alle fall her i Oslo! 70-talet var jo funksjonelt òg, så det fyrste eg ser som ein lur idé i dag, når det framleis ER lenge til jul, er at akkurat no er det ei fin tid å pønske ut om ein ikkje kan LAGE litt julepresangar i år, og ikkje berre hive seg utpå kjøpekarusellen. For tenk godt etter, det er godt mogleg at det er ein eller annan hobby ein besitt som kan omsetjast til julepresangar. Kan du til dømes teikne, sy, snekre, skrive songar, lage juleøl (ja, det er ein slagar!), ta bileter eller sit du kanskje på masse videoopptak av ulike familiesmakomstar som kan redigerast om til ein festleg liten film? Lista kan bli lengre, og det vil den òg, for eg vil framover kome med fleire idéar til julepresangar av den sjølvlaga sorten, heile tida tilpassa etter kor lang tid det til ei kvar tid er att til jula set inn. Tinga du lagar kan vere funksjonelle både for den som får dei og for di eiga juleglede, for kanskje får du ei ekstra stor glede av å gi noko du har laga sjølv? I dag, 1. dagen i advent, er det i alle fall god tid til å byrje på dei fleste sjølvlaga julepresangprosjekt. Så gå i tenkjeboksen og tenk på kva DU er flink til å lage. Det skal eg.
8. desember: Denne adventsføljetongen blir ein 1-gong-i-veka-adventsføljetong, altså i same tidsintervallstil som mykje anna moro, som t.d. laurdagsbarnetimes sine Stompa-høyrespel og slikt. Etter nøye vurdering fann eg nemleg ut at det hadde blitt litt for heseblesande å følgjetongen kvar dag. Så no er det altså ei veke mindre att til jul sidan sist, og for å ta opp den raude juletråd frå sist - vi har alle ikkje fullt så god tid lenger om vi ønskjer å satse på sjølvlaga julepresangar av det eine eller andre slaget denne jula. Men: Framleis er det 16 dagar til juleklokkene ringjer, altså rimeleg god tid trass alt. Difor vil eg i dag slå eit slag for halvfabrikata! Ja, nemleg. Det er nemleg trygt med god tid til å til dømes leite fram nokre riktig gode plater på nettplatebutikkar, som den gode cdon.no. der kan ein gjerne søkje på 70-talsmusikk òg, og verkeleg slå til med ei storbestilling med plater som du veit vil gjere seg godt under både furu og gran når det lir på. Eg kalla det halvfabrikata fordi eg foreslår at du saman med plata gir noko sjølvlaga, til dømes eit kort med nokre ord om kvifor du meinar at akkurat denne plata er så perfekt å gi, eller kanskje eit lite fotoalbum med bileter som blaast i medan albumet snurrar, eller kanskje til og med ei flaske heimelaga julebrygg som kan nippast til medan plata fyller huset med vellyd. Eg trur dette kan blir ein slager! La meg få kome med ei lita anbefaling: Steely Dan si nydelege plate (ja, kanskje den beste frå dette bandet gjennom tidene) A-ja fåast no til latterleg lave 79 kr i remastra versjon trur eg på nemde cdon.no. Saman med godt selskap er dette å anbefale!
21. desember: Oj, no er det lenge sidan adventsføljetongen har fått noko føljetong! Så lenge at det nesten ikkje er advent lenger, det er jo snart jul! Men litt av årsaka til at episodane kjem med litt meir ujamne mellomrom enn fyrst tiltenkt, er at eg har teke mi eiga utfordring med dette å lage julepresang sjølv. Dette oppfordra eg jo om i fyrste episode, og eg blei sjølv bitt av basillen gitt! Eg kan sjølvsagt ikkje sei noko om kva eg har laga, ikkje eingong i parantes, i tilfelle den som skal få det les dette. Men, eg håpar at andre har gjort litt det same: Laga noko. Dersom du ikkje har, men har lyst, så er det framleis nokre dagar att til klokkene slår. Sjølv kan eg huske ei jul, ja, faktisk fleire, der eg har gøymd meg bort på eit rom og laga ferdig skikkeleg heimelaga julepresangar, ETTER (!) at jula var ringd inn! -Kva driv du med Asle? Vi skal drikke kaffi no! -Eeeh, nei eg må berre ordne noko, eg kjem snart! Akkurat då sat eg på hobbyrommet i kjellaren med gasspedalen i bånn på symaskina og sydde juleduk til mamma og pappa! Men dei blei veldig glad for den då eg endeleg kom fram att. Ha ei fin førjulstid!
Ja, adventsføljetongen fekk litt færre episodar enn fyrst tiltenkt. No er det romjul og eg vil sende ei helsing til dei av dykk som valde å ta oppfordringa om å lage julepresang sjølv. For min del blei eg inspirert og gripen av ideen om å lage julepresang sjølv, og resultatet blei ein låt, ein vals, og eg er glad eg gjorde det, for eg veit at den varma! Difor er min plan å lage alle julepresangane sjølv til neste jul, og no har eg god tid til å få dei ferdig. Noko å tenkje på der altså. Framleis god jul til de alle.
Asle i romjula
22:05 Permalink | Comments (0) | Email this

Post a comment