06/27/2006
Bruce Lee
04:25 Posted in Film | Permalink | Comments (0) | Email this
06/25/2006
Fusa nettradio!
Ja, det ser ut som om kaffi er noko våre lesarar har eit godt forhald til. Men no har kanskje den spalta fått stått øverst lenge nok på sida her, eller kva? Det er på tide å gå vidare. Men ta gjerne kaffikoppen med deg i handa på vår reise her i 70-talsland.
Eg berre MÅ få reklamere litt for nettradioen eg startar opp i desse dagar: Fusa nettradio. Der vil det skje mykje moro framover. Besøk den midlertidige heimesida på http://fusa-nettradio.blogspirit.com. Håpar du òg blir ein framtidig lyar!
Asle og resten av redaksjonen i Fusa nettradio
21:30 Permalink | Comments (0) | Email this
05/11/2006
Kaffi!
Kaffi er ein inspirerande drikk som, i alle fall for min del, ofte gir meg lyst til å vere kreativ. Dette kan til dømes gi utslag i skriving av nye spalter her på denne sida. Ideen til akkurat denne spalta kom frå ein av våre ivrige lesararar: Kvifor ikkje ha litt om kaffi her, kva den har til felles med 70-talet og eventuelt ikkje til felles? Ein artig ting det. Kaffiforbruket her i Noreg ligg faktisk på topp i heile verda no. Ja, i heile VERDA! Vi har gått forbi finnane og deira skummande kaffi med salt i. 5-6 store koppar med kaffi er visst heilt gjennomsnittleg å konsumere dagleg her i landet no for tida, så sjansen for at du sit med ein kaffi i nærleiken medan du les dette er stor vil eg tru. Men på 70-talet var nok ikkje kaffiforbruket fullt så stort her. Kva betydde kaffi for folk då? Dette vil vi skrive litt meir om no i dagane framover. Heng deg gjerne på med innspel dersom du sit på nokre gode historiar om dette.
Asle, med kaffi i pappkrus akkurat no
19:20 Permalink | Comments (7) | Email this
